SHOW

Linda Eide: LIVET ER EIT SPRÅKSJOV

Dato: 13. mars
Dørene åpner: 17:30
Arrangementstart: 18:30

LIVET ER EIT SPRÅKSJOV – Kva språket har gjort med meg

Linda Eide er mildt sagt hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det, og laga sjov om det!

Bli med inn i Lindas språkunivers, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå han Knut under bakken til ho Peranna på Høgde. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå journalistutdanning til sparken på dagen.

Dette er scener frå eit språkliv – til glede, sinne, trøyst, og rett som det er, berre blott til lyst.

Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar, foredragshaldar og språksjovar. Ho har mottatt ei rekke journalist- og språkprisar for arbeidet sitt. Særleg kjend er ho for Eides språksjov, fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til laurdagsunderhalding på NRK.

Unn deg noe ekstra for å gjøre opplevelsen komplett

Til våre kvelds-forestillinger er det mulig å forhåndsbestille snacks og drikke ved å trykke på knappen under. Legg inn setenummer og rad, og alt vil stå klart på ditt sete når du ankommer. 

Du kan bestille tidligst fire uker før show/konsert og senest innen 23:00 dagen før show/konsert. 

På Galleriet kan du også bestille snacks og drikke under showet.

Er du klar for din opplevelse?