KINO/SNAKK

Englandsfarere (1946)

Dato: 8. mai
Dørene åpner: 17:00
Arrangementstart: 18:00

Billetter kan også kjøpes i kiosken.

17:00 Dørene åpner

18:00 Innlegg ved historiker Oddbjørn Hofseth

18:20 Pause

18:30 Filmen starter (1 t 47 min)

Det er åtti år sidan den tyske okkupasjonen av Noreg tok slutt. Korleis forstod nordmenn denne tida i samtida? Det er no svært få som hugsar denne tida sjølv. Som ei markering av åttiårsdagen for freden inviterer vi publikum til å oppleve filmen Englandsfarere frå 1946, på Løvenvold theater. Det var også i dette kinoromet ålesundarar opplevde filmen like etter krigen.

Før filmen vil historikar Oddbjørn Hofseth (f. 1978) halde ei innleiing om filmen og historia som ligg bak. Hofseth jobbar mest med lokal og regional historie, og han har bakgrunn som dokumentarfilmskapar. Han underviser i den vidaregåande skulen, og held føredrag og workshops for Høgskulen i Volda og andre historiefaglege forum. Han er for tida også aktuell i ein podcastserie for Sunnmørsposten, om krigen.

Filmen er basert på krigsromanen til Sigurd Evensmo med same namn. Vi følgjer dei to norske motstandsmennene Harald (Knut Wigert) og Arild (Jørn Ording) som er på flukt frå Gestapo. Dei ønsker først å kome seg over grensa til Sverige, men ombestemmer seg og skaffar seg plass på ei lita skøyte som skal gå frå Ålesund til Storbritannia. Båten får problem, og dei kjem seg aldri over Nordsjøen. Nordmennene vert oppdaga av tyske soldatar og tatt til fange. Det mørke bakteppet for forteljinga er at forfattaren, Evensmo, var ein av dei 27 passasjerane om bord i “Viggo” då Rinnanbanden gjekk til åtak i Ålesund i 1942. Evensmo overlevde, men 19 måtte bøte med livet.

Englandsfarere er ein av dei første kulturelle handsamingane av andre verdskrigen i Noreg. Filmen fekk også ein særleg viktig posisjon på Sunnmøre, då filmen tok føre seg dramatiske og epokeendrande hendingar som spelte seg ut på Sunnmøre. Filmen i seg sjølv fortel éi side av minnekulturen, men mottakinga er vel så viktig for å forstå samtida si oppleving.

Unn deg noe ekstra for å gjøre opplevelsen komplett

Til våre kvelds-forestillinger er det mulig å forhåndsbestille snacks og drikke ved å trykke på knappen under. Legg inn setenummer og rad, og alt vil stå klart på ditt sete når du ankommer. 

Du kan bestille tidligst fire uker før show/konsert og senest innen 23:00 dagen før show/konsert. 

På Galleriet kan du også bestille snacks og drikke under showet.